Velkommen til min hjemmeside

10.2011. Frå Kvalneset på Runde

Kontaktinformasjon

Fagfotograf

Fredd Brekke

Nylenda 16

6100 Volda

Tlf 70 07 84 33

Mob 920 32 156

Mail; freddwb@operamail.com


OM FOTOGRAFEN FREDD BREKKE

  Eg er utdanna som fotograf med fagbrev i 2002. Læretida mi vart utført saman med dyktige fagfolk hos Fotograf Furmyr i Fosnavåg.  

  Men; Før fagutdanninga tok eg til med fotografering allereie i 1977 med eit Olympus OM1 speilreflekskamera.  Så etterkvart med fleire analoge Canon og Mamyia kamerahus. Då dei digitale kamerahusa vart "gode nok" tidleg på 2000 talet, vart det bytta over til digitale kamera. Det første var eit Canon EOS 10D, så Eos 1DS og no EOS 5DMkII, sjølvsagt med nødvendigt utval av objektiver.

   



Naturfoto

  Eit aktivt friluftsliv og stor glede av naturen, gir inspirasjon og pregar sjølvsagt mitt motivutval. Viktige fotomotiv er landskap, fuglar, blomster og nærbilde, m.m.  Eg har utført utsmykking av fleire skip og bygg. og har vore medfotograf i fleire bøker, sist i boka; " Fra Havland til Alpeland." (sjå bilde)  Elles så har eg undervist i fotografering ved Møre Folkehøgskule og hollt flere fotokurs. 

  Eg sel mine naturbilete til ulike føremål som; utsmykking til bedrifter og private ,kalendarar, bøker, reiseliv og reklame.  Om Dykk er interessert i bilete, leverer eg prøver enten på papir eller som digitale filer - og er om ynskjelig delaktig med råd i utvelgelsen av bilete  fram til eit ferdig produkt,  gratis og uforpliktande.

Bryllaupsfotogrfering - Fagfoto

 Som utdanna fagfotograf tar eg sjølvsagt på meg fotografering av generell fagfoto. Men, Eg likar spesielt godt å fotografere brudepar. Brudefotograferinga vert uført samarbeid med "Fotografen Eide" på Nordfjordeid som tar seg av redigering, design og produksjon.

  Ved fotografering av Brudepar, prøver eg å få til det "lille" ekstra. Brudefotografering er spanande og svært kjekt, der gode bilder og eit fornøgd brudepar er viktigast.  Eg er gjerne med på å fotograferer Brudeparet frå "morgon til kveld". Dvs;  frå den vordende brud sitt oppmøte hjå frisøren heilt til fotografering av brudeparet feks i solnedgang og gjerne på ei strand - utan at det skal  "koste skjorta".  Ta gjerne kontakt for ei uforpliktande samtale når det passar Dykk..

                                        Velkomen til mine sider..... 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

26.01 | 13:47

Ja; ikkje sant Anne-Lise.. Det forenkla 2-dimensjonale er ofte vakkert.
Takk forresten..

...
26.01 | 13:03

Så enkelt, så vakkert...

...
25.09 | 22:39

Det er selvfølgelig en skumvulkan på Island dette her, Fredd!

...
14.08 | 22:02

Takk Anne-Lise.. Jepp; det er ei kondensstripe fra fly. Sat og venta den inn i motivet - fordi EG ville ha litt "uro" og "mottyngde til nederste høgre hjørne

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE